Vossingar som flytta til Kinn.

Etter 1800 var det fleire Vossingar som søkte lykka i Kinn prestegjeld. Eg har identifisert 73 personar som flytta hit i perioden 1800 til 1865, og reknar med at eg då har dei aller fleste med. Dei fleste hamna på Svanøy eller i grendene som sokna til kyrkja på Svanøy. Dei fleste av desse vart knytt til haugianarmiljøet der og ein fyldigare omtale av dei har eg gitt i boka «Møtet med Hans Nielsen Hauge». (kjøp her

På slutten av perioden var det også mange som slo seg ned som kjøpmenn i Florø. Mange av dei som flytta til Kinn, flytta vidare til andre stadar, eller tilbake til Voss.

Oversikta nedanfor inneheld opplysningar om fødsel, giftemål, barn og dødsår på dei som flytta til Kinn i denne perioden. Framleis manglar en nokre dødsår, men eg jaktar vidare på desse. Eg har truleg funne eit nytt uekte barn av Anders Olsen Bakketun f. 1858. Bakketun

På namnelista finn du ei oversikt over alle personane eg har identifisert, med link til informasjonen som eg har om dei.

Har du opplysningar som eg manglar om nokon av personane i bloggen (giftemål, barn, bustad eller dødsår),  så kan du legge inn ein kommentar i dette innlegget. Likeså om du har opplysningar om andre personar frå Voss, som har flytta til Kinn i denne perioden. (bruk «kommenter innlegget»). Du kan også sende meg epost: kinn@enivest.net

Posta under Uncategorized | Kommenter innlegget

Skjerdal (Wang)

Gjertrud Larsdotter Skjerdal Gjertrud Larsdotter (Skjerdal 1738-1825 Svanøy). (Manglar sikker dokumentasjon på henne, sjå nedanfor) Hennar foreldre var Lars Håvardsen Skjerdal og kona Brit Olsdotter Bolstadøren. I 1801 bur ho på garden Haga, 63 år gamal som ugift og fattig Inderst. Ein gong mellom 1804 og 1806 flyttar ho til Svanøy i Kinn, der ho får seg teneste hos Ole Svanøe. Her blir ho til ho dør i 1825. Eg manglar heilt sikker dokumentasjon på at det er den same Gjertrud Larsdotter som blir fødd på Skjerdal i Voss i 1738, og som dør på Svanøy i 1825. Gjertrud Larsdotter på Svanøy har eg funne omtalt i 1806 som ei fattig og ugift fruentrimmer frå Voss, som Ole Svanøe har tatt i teneste for å sjå til kreatura hans. I 1810 blir ho omtalt som gamal og skrøpeleg. Dernest finn eg ei Gjertrud Larsdotter død 90 år gamal på Svanøy i 1825. Eg har ikkje funne andre kandidater som dette kan være, og meiner då det må være den same Gjertrud Larsdotter. Etter dåtidas reknemåte skulle ho då være fødd kring 1736, og være ugift ved folketellinga for Voss i 1801. Den einaste aktuelle kandidaten i folketellinga for 1801 er då den som er nemnd ovanfor på Haga. Eg har ikkje funne spor etter ho på Voss etter 1801. Det er kun ei Gjertrud Larsdotter som er fødd på Voss kring 1836,  og det er denne på Skjerdal. Som sagt manglar eg sikker dokumentasjon på at det er den same som budde på Svanøy i 1806 og 1810, men indisiane peikar sterkt i den retning. 

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Istad (Wang)

Ole Olsen og Anna Olsdotter Istad

Ole Olsen (Rasdal 1809-1880 Steinhovden). Foreldre Ole Nielsen Rasdal og Ragnhild Knutsdotter Bolstad. Ole Olsen blei gift i 1842 med Anna Olsdtr Kvale (Kvale 1817-1892 Steinhovden). foreldre: Ole Mikkelsen og Marethe Aamundsdotter Kvale. Ole og Anne budde på Istad til dei same året flytta til Stavik i Kinn, for å ta eit jordbruk i forpaktning, seinare flytta dei til garden Steinhovden der dei var husmenn. Barn:  Ragnhild (Stavik 1842-bst Høyvik 1910), Ole (Stavik 1844- ), Martine (Steinhovden 1849- ) og Johanne Bolette (Steinhovden 1854- ).

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Bryn (Wang)

Ole Nilssen Bryn

Ole Nilssen (Bryn 1819-1881 Bryn). Foreldre Niels Michelsen og Synneve Olsdotter Bryn. I 1853 flyttar han til Sunds prestegjeld. Før 1865 flyttar han til Kinn, der han arbeider på et salteri og er steinarbeider på Nigarsøen på garden Frøyen i Bremanger. I 1875 er han flytta til Bergen der han er steinarbeider, og før 1881 flyttar han tilbake til Brynhagen på Voss, der han arbeider som murar og dør som ugift i 1881.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Møen (Wang)

Ole Monsen Møen

Ole Monsen (Møen 1799-1885 Rognaldsvågen). Foreldre ugifte: Sigvohr Pedersdtr Møen og Mons Monsen frå Brekke i Opheim sokn. Han flyttar til Ullensvang i 1825, der han blir gift i 1829 med Johanne Margarethe Hertzberg (kr. 1796-1838), dotter til prost Niels Hertzberg. Dei flyttar same året til Eivindvik i Gulen, og vidare til Refsøen i Solund (då under Askvoll prestegjeld) i 1836. Ole Monsen giftar seg opp at i 1840 med Anne Johannesdotter.  (kr. 1775-1858)  Ole Monsen flyttar før 1858 til Rognaldsvågen i Kinn, saman med tenestejenta Ingeborg Ingemaardsdotter Sætre (1827- ) frå Askvoll, som same året føder deira felles barn . Ole seier samtidig frå seg retten til arv etter kona Anne Johannesdotter som dør i 1858. Ole Monsen blir buande i Rognaldsvågen til han dør i 1885. Barn: Marie Elisabeth (Eivindvik 1829-1905 Hersvik i Solund), Hylleberg (Eivindvik 1831-1900 Gåsvær i Solund), Petter Johan (Refsøen 1838-1909 Underset i Askvoll) og Nikoline (Rognaldsvågen 1858-1918 Stord)

Posta under Wang hovedsokn | 5 kommentarar

Løen (Oppheim)

Sigrid Olsdotter Løen

Sigrid Olsdotter (Løen 1822-1904 Tertnes). Foreldre: Ole Larson Njåtveit og Anna Oddmundsdotter Jordalen. Ho flyttar til garden Svanøy i Kinn i 1843 for å ta seg teneste. Ho flyttar tilbake til Voss før 1853, då ho flyttar vidare til Hamre prestegjeld. Her giftar ho seg i 1853 med Jacob Wemensen Tertnes (1820-1907), og dei blir buande på garden Tertnes. Barn fødd på Tertnes (Hamre): Vemund Amaliel (1854- ), Oluf August (1856- ), Berthe Christine (1859- ), Thorkil Sigvart (1862- ) og Bernt Olai (1865- ).

Posta under Oppheim sokn | Kommenter innlegget

Bakketun (Wang)

Ole Pedersen og Ingeborg Olsdotter Bakkethun

Ole Pedersen (Fenne 1795-1875 Høyvik). Foreldra ugifte: Peder Olsen Nesheim og Inger Iversdotter Fenne? Han giftar seg i 1824 med Ingeborg Olsdotter (Gjernes 1794-1837 Svanøy). Foreldre: Ole Eilefsen og Ingeborg Trondsdotter Gjernes. Ole og Ingeborg flyttar i 1836 til ein husmannsplass på Svanøy i Kinn. Ole Pedersen flyttar til Høivik i Kinn, og giftar seg igjen i 1839 med Berte Maria Ivarsdotter Enevold (1801-1857) frå Naustdal. Han giftar seg i 1860 for tredje gang med Alet Johanne Henriksdotter Mulen (1815-1900 Høyvik) frå Naustdal (no Førde). Barn fødd på Voss : Ole 11 (f. Fenne 1825-1869), Anders 9 (fødd Bakketun 1827) og Inger 6 (f. Bakketun 1830). Peder (f. Bakketun 1835-1835).  Barn fødd Kinn: Ole Ivar (1840- ) (Oliver i FT 1865), Peder (1844- ) og Ingeborg (1846- ).

Ole Olsen Bakketun

Ole Olsen (Fenne 1825-1869 Høyvik). Foreldre: Sjå ovanfor. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Dør ugift i Høyvik i 1869.

Inga Olsdotter Bakketun

Inga Olsdotter (Bakketun 1830-1900 Svardal). Foreldre: sjå ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Ho giftar seg i 1855 med John Anton Johansen Svardal (1836- ) og dei to buset seg på Svardal: Barn: Johan Andreas (1855- ), Aleana Andrea (1856- ), Olaus Matias (1861- ), Birte Elen Bertine (1863- ), Dortea Susanne (1865- ), Birte Susanne (1867- ), Abraham Olai Matias (1870- ) og Marie Bolette (1873- ).

Anders Olsen Bakketun

Anders Olsen (Bakketun 1827-1912 Askvoll). Foreldre: sjå ovanfor. Han flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Han giftar seg i Askvoll i 1860 med Ingeborg Monsdotter Askevold (1843-1861). Han giftar seg opp igjen med Pernille Mikaelsdotter Askevold (1839-1926) i 1862, og dei blir buande på Askevold Prestegard, der Anders arbeidde som seminarist. Barn: Olaf (1863), Ingeborg (1864- ), Magnus (1867-1895) og Ingeborg Helene (1870- ). Anders Olsen Bakketun er truleg også den same som Anders Olsen f. Voss som fikk barnet Sara Susanne med piken Anna Absalonsdotter Nedre Sunde i 1858. Barnet døde under heimedåpen.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Lillevik (Evanger)

Magne Knutson Lillevik

Magne Knutson (Lillevig 1831-1875 Bergen) Foreldre: Knud Magnesen og Brita Sjursdotter Lillevik. Familien flytta etter nokre år til Hjørnevik. I 1855 flyttar Magne til Vadset i Kinn. I 1856 giftar han seg med Ellen Lovise Eliasdotter (Barlindbotnen 1834-1912 Hjørnevig). Dei to bur ei kort tid på Barlindbotnen i Kinn før dei flyttar tilbake til Voss kring 1858 der dei buset seg på Hjørnevik. I 1875 dør han av magebetennelse på Møllendals sindsygehus i Bergen.  Barn fødd i Kinn: Anne Katrine (Barlindbotnen 1857-1896 Hjørnevig). Barn fødde på Voss: Britha (Hjørnevig 1859- ), Elias (Hjørnevig 1861- ), Knud (Hjørnevig 1864- ), Ranvei (Hjørnevig 1866- ), Magne (Hjørnevig 1869- ), Lars (Hjørnevig 1871- ),

Anders Simonsen Lillevik

Anders Simonsen (Lillevik 1836-1896 Bergen). Foreldre: Simon Sjursen Lillevik og Ranveig Andersdotter Mykkeltveit. Simon Sjursen er bror til Brita Sjursdotter Lillevik, sjå ovanfor. Anders flyttar til Kinn i 1862, der han starter som handelsmann i Florø. Han giftar seg i 1866 med Lovise Johanne Andersdotter Løkkebøe (Løkkebø 1836-1896 Bergen). Barn født i Kinn: Simon Andreas (1867-1867) Anders og Lovise flyttar til Bergen før 1875, der Anders fortset som handelsmann.

Posta under Evanger sokn | Kommenter innlegget

Ulvundsøyne (Vinje)

Sigvor Hermansdotter Ulvundsøyne

Sigvor Hermansdotter (Ulvsundsøyne 1841-1883 Sponheim). Foreldre: Hermund Person Vinje og Unni Jonsdotter Hyrth. Unni er søster til Brytteva, Ingeborg, Orlaug og Inga Johnsdotter (sjå Hirth) og Brita Johnsdotter (sjå Kythe). Sigvor flyttar til Kinn før 1865 for å ta seg teneste hos tanta Brytteva Johnsdotter på Steinhovden. Ho flyttar seinare til Ulvik i Hardanger, der ho dør ugift på garden Sponheim i 1883.

Gjertrud Hermansdotter Ulvundsøyne

Gjertrud Hermansdotter (Ulvundsøyne 1849-1899 Ulvundsøyne). Gjertrud er søster til Sigvor, sjå foreldra der. Gjertrud flyttar til Kinn i 1865 for å ta seg teneste hos tanta Brytteva Johnsdotter på Steinhovden. Ho flyttar seinare tilbake til Vossestrand, der ho dør ugift på Ulvundsøyne i 1899

Posta under Vinje sokn | Kommenter innlegget

Kythe (Wang)

Johannes Magneson Kythe og Brite Johnsdotter Hirthshagen

Johannes Magnesson (Kythe 1821-1885 Hirth) Foreldre: Magne Johannesen og Randveig Erichsdotter Kythe. Han blei gift i 1844 med Brite Johnsdotter (Hirthshagen 1822-1885 Hirth). Foreldre: Jon Olsen Overland og Gjertrud Arnesdotter Myrland. Brite er søster til Brytteva, Ingeborg, Orlaug og Inga Johnsdotter (sjå Hirth). Dei buset seg først på Kythe, deretter flyttar dei til Aamodt og Nesheim (Wang). I 1860 flyttar familien til Kinn, der dei først bur på Steinhovden, 1865 flyttar dei til garden Seljeset, og seinare til Høyvik. Barn fødd på Voss: Magne (Kythe 1844-46), Jon (Kythe 1845- ), Jertru (Kythe 1850- ), Anna (Aarmodt 1853- ), Magne (Nesheim 1856- ) og Ingebjørg (Nesheim 1859-1860). Barn fødd i Kinn: Ole (Steinhovden 1863- ) og Ingeborg Kristine (Seljeset 1867-før 1872?). I 1872 flyttar heile familien tilbake til Vossestrand der dei buset seg på Hirth. (- Ingeborg Kristine?). Ole Johannesen emigrerer til Amerika i 1885, der han blir gift med Marta Helgeland.

Jon Johannessen Kythe

Jon Johannessen (Kythe 1845-e. 1885) Foreldre: Johannes Magneson og Brita Johnsdotter (ovanfor). Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860, der han får seg teneste på Høviken. Han flyttar tilbake til Vossestrand saman med foreldra i 1872, og emigrerer til Amerika. Han blir gift i Amerika med Torbjørg Larsdotter Helgeland (1848- ) frå Voss.

Jertru Johannessdotter Kythe

Jertru Johannessdotter (Kythe 1850-1931 Ringheim) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1900 er ho ugift budeie på garden Ringheim på Voss, og det same når ho dør i 1931. 

Anna Johannesdotter Kythe

Anna Johannesdotter (Aarmodt 1853-1921 Tvedt) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. Ho blir gift på med Nils Eliassen Tvedt (1849-e. 1921)i 1878, og dei buset seg på Tvedt i Lindås.  Barn fødd i Lindås: Elias Martin (1878- ), Konstance Josephine (1880- ), Johan Severin (1881- ), Karl Andreas (1883- ), Gustav Bernhard (1886- ), Bertine Ingeborg Kristine (1888- ), Nekoline Albertine (1891- ), Marie Sofie (1894- ) og Harald Adolf (1898- ).

Magne Johannessen Kythe

Magne Johannessen (Nesheim 1856- ) Bror av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar han tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1878 emigrerer han til Amerika.

Lars Olsen Kythe

Lars Olsen Kythe (1826- ). Foreldre: Ole Ammundsen og Marte Stephensdotter Kythe. Han flyttar til Eikefjord i Kinn i 1842, der han får seg teneste som dreng. Uvisst etter dette.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Tverberg (Wang)

Synnøve Larsdotter Tverberg

Synnøve Larsdotter (Tverberg 1817-1872 Tirdalssagen). Foreldre: Lars Tostensen Tverberg og Ingeborg Tollevsdotter Graue. Synnøve flytta til Kinn i 1840. Ho blei gift i 1844 med enkemann Aksel (Absalon Aksel Andreas) Larssen Haukåa (1808- ), som tidlegare var gift med Ingeborg si niese Marta Olsdotter (sjå Graue). Synnøve og Aksel budde i Tirdalen. Barn: Marte Marie (1847- ).

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Bolstad (Evanger)

 Anders Larsson Bolstad

Anders Larsson (Bolstad 1829-1910 Høyvik). Foreldre Lars Andersen og Anne Hansdotter Bolstad. Anders flytta til Steinhovden i 1855 for å gifte seg med Birte Margrete Abrahamsdtr Steinhovden (1836-e. 1900 ). Dei busette seg på Steinhovden, men flytta til Høyvika om lag 1863. Barn: Gjertrud (1857- ), Lars (1859- ), Anne Katrine (1861- ), Gjertrud Bolette (1864- ), Jakobea Ragnhilde (1867- ), Anders (1870- ), Jakob Olai (1875- ) og Hille Johanne Larine (1875- ).

Posta under Evanger sokn | Éin kommentar

Bidneshovden (Oppheim)

Ole Svendsen og Anne Guleiksdotter Bidneshovden

Ole Svendsen (Bidneshovden 1805-1848 Hovland). Foreldre: Svein Olsen Bidneshovden og Brita Akselsdotter Skjervheim. Han giftar seg i 1833 med Anne Gulakdotter (Fagnastøl 1809-1889 Hovland) Foreldre: Gulleik Gulleiksen og Brita Ellingsdotter Wæle. Ole og Anne bur på Bidneshovden og flyttar til Kinn i 1837/38, og buset seg då på Osen, og Vadset og Hovland.  Barn fødd på Voss: Svein (Gjerald 1833-1915 Hovland) og Brita (Bidneshovden 1836- ). Barn fødd i Kinn: Elling (Osen 1839- ), Josef (Hovland 1841- ), Berent (Vadset 1845-) og Oline Lovise (Hovland 1848- ). 

Svein Olsen Bidneshovden

Svein Olsen  (Gjerald 1833-1915 Hovland). Barn av Ole og Anna ovanfor. Flyttar til Kinn i 1837/38. Han blei gift i 1864 med Karen Helene Absalonsdotter (Reksten 1835-1918 Hovland). Dei buset seg på Hovland. Barn: Oleana Katrine (1865- ), Maren Bolette (1867- ), Ole Andreas (1870- ), Oline Andrea (1873- ), Sofie Helene (1876- ) og Lovise Birgite (1879- ).

Brita Olsdotter Bidneshovden

Brita Olsdotter Bidneshovden (1836- ). Barn av Ole og Anna ovanfor. Flyttar til Kinn i 1837/38.  I teneste på Bjørnset i Kinn i 1865. Uvisst etter dette.

Posta under Oppheim sokn | Kommenter innlegget

Hjørnevik (Evanger)

Helge Helgesen Hjørnevig

Helge Helgesen (Hjørnevig 1835-1903 Florø). Foreldre: Helge Larsson Hjørnevik og Ingeborg Olsdotter Horvik. Helge flytta til Kinn i 1854 som skreppekar, han fekk borgarbrev i 1863 og bygde seinare Hjørnevikbua Florø. Han vart gift i 1866 med Anne Cathrine Nilsdotter (Walaker 1844-1901 Florø) frå Hafslo, og dei to budde i Florø. Barn: Helge (1867-1926), Nils (1872- ), Anton (1874- ), Edvart (1876- ), Harald (1879- ), Endre (1882- ) og Margit (1885- ).

Lars Olsen Hjørnevig

Lars Olsen (Hjørnevik 1850-1936 Hjørnevik). Foreldre: Ole Helgesen Hjørnevik og Anna Larsdotter. (Ole er bror til Helge Helgesen Hjørnevik ovanfor) Lars flyttar før 1865 til Florø i Kinn for å bli krambodreng for Helge Helgesen Hjørnevig (sjå ovanfor). Han flyttar tilbake til Voss, truleg ganske raskt. I 1900 bur han på Hjørnevik som ugift møbelsnekkar, seinare jernbanearbeider. Han dør ugift i 1936.

Posta under Evanger sokn | Kommenter innlegget

Hirth (Vinje)

Brytteva Johnsdotter Hirtshagen

Brytteva Johnsdotter (Hirthshagen 1815-1889 Steinhovden). Foreldra er Jon Olsen Overland og Gjertrud Arnesdotter Myrland. Jon Olsen er bror til Øyel Olsen Overland (sjå Overland). Familien budde på plassen Hyrtshagen. Brytteva flytta til Kinn i 1842 for å gifte seg i 1843 med Abraham Pedersen Steinhovden (1806-1876) som tidlegare var gift med Gjertrud Olsdotter Groue frå Voss (sjå Graue). Ho og Abraham bur på Steinhovden som er farsgarden til Abraham. Dei får mange barn. Gjertrud (1843-1918 Steinhovden), Peder (1845- ), Johan (1846- ), Anders (1848- ), Jakob (1850- ), Ole Matias (1852- ), Lars (1854- ), Karl Andreas (1858- ) og Maren Bolette (1860- )

Ingeborg Johnsdotter Hirtshagen

Ingeborg Johnsdotter (Hirthshagen 1826-1905 Steinhovden) er søster av Brytteva ovanfor (sjå foreldra der). Ho flytta til Steinhovden i Kinn i 1844 og blir gift med Ole Knutson Myklebust (Jølster) (kr. 1826-1866 Steinhovden). Dei to blir buande på Steinhovden. Barn: Kristoffer (1851- ), Ole Johan (1854- ), Boltette Jørgine (1856- ), Karl Matias ( 1859- ) og Nils Ludvig (1861- ). På Kvien i 1865, husmenn.

Orlaug Johnsdotter Hirtshagen

Orlaug Johnsdotter (Hirtshagen 1829-1898 Bergen) Søster av Brytteva ovanfor, sjå foreldra der. Ho flyttar til Steinhovden i Kinn i 1855 for å gifte seg. Ho giftar seg i 1857 med Johannes Gunnarson Sandvik (Sandvik 1834-1904 Bergen). Dei bur først på Steinhovden, men flyttar til Sandvika (Kinn) i 1858. Barn: Anne Katrine (1857- ), Gjertrude (1859-1860), Gunnar Johan (1863- ), Kristoffer Jon (1865- ) og Andreas Matias (1869- ).  Familien flyttar til Bergen i 1874, der Johannes får seg arbeid som Dikselmann (ettersyn og kontroll av sildetønner).

Inga Johnsdotter Hirtshagen

Inga Johnsdotter (Hirtshagen 1818- ). Ho er søster til Brytteva og dei andre ovanfor. Sjå foreldra under Brytteva. Ho flyttar til Kinn før 1865. Det er truleg ho som i 1865 står oppført både hos Orlaug som logerande og hos Brytteva som tenestejente.  Uvisst kva som skjedde med henne etter dette.

Brite Johnsdotter Hirthshagen

sjå Kythe

Posta under Vinje sokn | Kommenter innlegget

Brekke (Oppheim)

Gjertrud Aamaansdtr Brekke

Gjertrud Aamaansdtr (Brekke 1829- ) Foreldre: Amund Olsen Jordalen og Kari torleivsdotter Løn. (Familien budde også på Løn og Sivle). Gjertrud flytta til Kinn i 1848 og blei gift i 1850 med Ole Andersen Refsdal (Førde) (1822-1855?). Dei bur på ulike gardar kring Svanøy. Barn: Anne (Hellevik 1851- ), Andrine Marie (Fløholmen 1854- ), Kristine (Stavik (uekte) 1857- ) og Jakobia Karina (Storø (uekte) 1871-1943 Mørkve – Vossastrand). I 1865 bur enka Gjertrud som tenar på Storø, saman med dattera Andrine. Anne blir konfirmert i 1867 og Andrine i 1869. Andrine giftar seg i Bergen 1889, og bur der framleis i 1910. Kristine giftar seg i Kinn og buset seg på Valvik, der ho bur i 1910. I 1857 får Gjertrud eit barn med ein gift mann Bertel Olsen Stavik, og i 1871 med ungkaren Nils Johannesen Sæterskar. Det er ukjent kva som skjedde med Gjertrud etter dette.

Ingri Aamundsdotter Brekke

Ingri Aamundsdotter (Brekke 1831-e. 1910 Erikstad) Søster av Gjertrud ovanfor, sjå foreldra der. Flytta til Stavang i 1853 for å få teneste. Gift 1858 med Anders Eriksen Kinna i Førde (1830- ). Busatt Stavika i Kinn, kring 1865 flyttar dei til Erikstad på Svanøy. Barn: Karen Susanne (Stavik 1858- e. 1910 Erikstad), Samson Andreas (Stavik 1862- ), Marie Andrea (Stavik 1864- ), Elen Kristine (Erikstad 1867- ), Rise Olena (Ragna?) (Erikstad 1869- e. 1910 Erikstad) og Anna Elina (Erikstad 1872- e. 1910 Erikstad).

Posta under Oppheim sokn | Kommenter innlegget

Glimme (Wang)

Johannes Knutson Glimme

Johannes Knutson Glimme (1842- ). Foreldre Knud Rognaldsen og Britha Johannesdotter Glimme. Flytta til Kinn i 1862 for å overta ein bøkkerpost i Florø. Flyttar tilbake til Voss før 1866, der han jobbar som telegrafist. I 1875 er han flytta til Lødingen i Nordland, der han bur hos handelsmann Krog, og arbeider som telegrafist. Hos Krog bur også Helmine Kristine Scheldrup (Tysfjorden 1854- ) som arbeider som husjomfru. Hennar foreldre er Christofer Scheldrup og Anne Kristine Krog. Johannes og Helmine blir gifte før 1878. Barn fødd i Lødingen: Anna (1878- ), Gudrun (1880- ), Thormod (1882- ) og Kristoffer (1884-1986 Stavanger). I 1887 flyttar dei til Hammerfest. I 1896 eller tidlegare flyttar dei til Stavanger, er Johannes arbeider som fullmektig ved rikstelegrafen.

Lars Endresen Glimme 

Lars Endresen (Glimme 1829-1911 Kalvåg). Foreldre: Endre Larssen og Jorend Olsdotter Glimme. Familien flyttar seinare til Opheim (Wang). I 1860 flyttar Lars til Løviknes i Bremanger for å få seg arbeid, der han er forpaktar i 1865. Gift 1865 med Marianne Bertine Andersdotter Løviknes (1836-1926). Dei to budde på Frøyen/Kalvåg der Lars mellom anna arbeidde som murar. Barn: Endre Andreas (1865- ), Johan Matias (1867-1931), Olai Severin (1870-1929) og Synnøve Amalie (1873- ).

Ole Endresen Glimme

Ole Endresen (Glimme 1838-1914 Kalvåg) Han er bror til Lars ovanfor, sjå foreldra der. I 1860 flyttar han til Ryland i Bremanger for å få seg arbeid, der han er murar i 1865. Han blir gift i 1864 med Kristiane Paulsdotter Ryland (1841-1896).  I 1867 flyttar dei til Kalvåg i Bremanger. Barn: Jette Olave (1864- ), Paul Mikal (1866- ), Elen Jørgine (1868- ), Olaf Kristoffer (1872- ), Severin Gregorius (1874- ) og Kristian Abraham (1879- ).

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , , , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Horvei (Evanger)

Jacob Brynhildsen Horvei

Jacob Brynhildsen Horvei (1850- ). Foreldre: Brynjel Bergesen Horvei og Guri Larsdotter Bjørgo. Han flyttar til Kinn truleg i 1865. Han er søskenbarn med Lars Olsen Storevik og var krambodreng hos han i Florø i 1865. Han flyttar tilbake til Voss etter 1868. Emigrerer til Amerika i 1874.

Posta under Evanger sokn | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Kvaale (Wang)

Marita Amundsdotter Qvale

Marita Amundsdtr Qvale (1795- ). Foreldre Brita Haldorsdotter og Aamund Ellingsen (ikkje gifte). Ho flytta til Kinn i 1842, for å ta seg teneste på Selvik. Ukjent kva som skjedde vidare, kan være tilbake i Voss i 1865 som fattiglem.

Lars Davidsen Qvale

Lars Davidsen (Qvale 1824-1891 Vie). (Son av Marita Aamundsdotter ovanfor) Foreldre: David Amundsen Præstegaarden og Marita Aamundsdotter Qvale (ugifte). Han flytta til Kinn i 1843 for å bli dreng på Stavik. Flytta seinare til Førde der han blei gift på Vie i 1854 med Anna Marie Madsdtr (Ramstad 1825-1915 Vie). Dei to fekk ikkje barn.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Evanger (Evanger)

Haldor Knutson Evanger

Haldor Knutson (Evanger 1838-1909 Florø). Foreldra er Knut Haldorsen Hernes og Ingeborg Sjursdtr Lillevik i 1834. Han kom til Florøen i 1862 som handelsmannn og blei gift i 1872 med Anne Johanne Matsdtr (Eikefjord 1844-e. 1909). Barn fødd i Florø: Knut Matias (1872- ), Henrik Elias (1876- ) og Henrik Elias (1882- ).

Sjur Knutson Evanger

Sjur Knutson Evanger (1841-) er bror til Haldor Knutson (sjå foreldra der). Han flytta til Florøen før 1865, der han var ugift krambodreng hos broren. Han har truleg flytta frå Kinn seinare.

Posta under Evanger sokn | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Storevik (Evanger)

Lars Olsen Storevik

Lars Olsen (Storevik 1835-1891 Florø) Foreldra hans var Ola Gulleikson Storevik og Anna Larsdtr Bjørgo. Han flytta til Kinn i 1864, og starta som handelsmann i Florø. Gift 1865 med Lydia Cathrine Simonsdtr (Vallestad 1842- ). Barn: Anne Sophie (1866- ), Stina Helene (1868- ), Elvina (1870- ), Marie (1872- ), Olaf (1875- ), Amanda (1877- ), Leiveius (1882- ) og Anna (1884- ).

Anne Olsdotter Storevik

Anne Olsdotter (Storevik 1840-e. 1907). Tenestepike hos Lars Olsen Storevik, som også var hennar bror (foreldre, sjå Lars Olsen Storevik). Ho kom til Kinn 1865, flytta tilbake til Storevik før 1871, og blei gift i 1871 med Karl Johan Martinusson (Bergen 1841-1907 Bergen). Før 1873 flyttar dei til Bergen. Barn fødd på Storevik: Anna Karina (1871- ).  Barn fødd i Bergen: Anders Martin (1873- ), Anne Elisabet (1876- ) og tvillingbroren Ole Johan (1876-1876) og Ole Johan (1877-1878)

Posta under Evanger sokn | Merkt , , , | Kommenter innlegget

Gjerskval (Wang)

Kirsti Storksdtr Gjerskval

Kirsti Storksdtr (Hole 1797-1847 Lødingen) Foreldra hennar var Stork Joensen Hole og Anna Knudsdotter Qvarme. Før 1801 flytta dei til Gjerskval, der Kirsti vaks opp. Ho blei gift i 1821 med Knud Tollefsen (kr 1790) frå Rognaas i Nordre Aurdal i Valdres. Dei flytta frå Voss i 1824 til Nordland (Bodø), men flyttar tilbake kring 1830. I 1834 kom dei til Kinn prestegjeld, der dei først budde på Smørhamn (Bremanger). I 1838 bur dei på ein husmannsplass på Svanøy. Barn fødd på Gjerskval på Voss: Anna (1821-1875) og Synneva (1823-1894) Gurine (f. Bodø kr 1828-1857), Tollev (kr. 1831-1914) og Stork (kr. 1834-1896). Født på Svanøy i Kinn: Julie Christine (1838- ). I 1844 flyttar familien vidare til Bodø prestegjeld, og 1846 til Tofte på Tjeldøy i Lødingen (no Tjeldsund Kommune).

Anna Knudsdotter Gjerskval

Anna Knudsdotter (Gjerskval 1821-1875 Lødingen). Ho er dotter av Knud Tollefsen og Kirsti Storksdotter ovanfor. Ho flyttar med foreldra til Kinn i 1834. Herifrå flyttar dei vidare til Bodø i 1844, og 1846 til Lødingen. Ho blir gift i Lødingen i 1849 med Raphael Henriksen Tofte (1825-1892) Foreldre: Holbye Sivertsen og Anne Dorthea Rafaelsdatter. Dei blir buande på Tofte på Tjeldøy i Lødingen (no Tjeldsund Kommune). Alle barna deira er fødde på Tofte: Anna Kristine (1849–1922), Henriette Serine (1854–1895 Tysfjord), Karl Gerhard Heggelund (1859–1940) Rebekka Amalie (1862–1928) Kathrine Dorthea (1851–1892/93)

Synneva Knudsdotter Gjerskval

Synneva Knudsdotter (Gjerskval 1823-1894 Lødingen) Ho er dotter av Knud Tollefsen og Kirsti Storksdotter ovanfor. Ho flyttar med foreldra til Kinn i 1834. Herifrå flyttar dei vidare til Bodø i 1844, og seinare til Lødingen (no Tjeldsund kommune). Ho blei gift i 1848 med Petter Christian Olsen (1823–1896) fra Stamnes/Alstadhaug prestegjeld. Foreldre: Ole Pettersen og Inger Pedersdatter. Dei buset seg på gården Hestvig i Herøy prestegjeld (Helgeland). Barn: Edvard Mikal (1851–1937), Peder Kristian (1854–1900), Hans Mathias (1857– ), Anna Pauline (1861–1902), Marie Olea (1865–1923), Paul (1874- ). Synneva og ektemannen flyttar seinare til Tjeldsnes i Lødingen.

Tollev Knudsen Gjerskval 

Tollev Knudsen (Tvinde 1831-1914 Lødingen) Han er son av Knud Tollefsen og Kirsti Storksdotter ovanfor. Han flyttar med foreldra til Kinn i 1834. Herifrå flyttar dei vidare til Bodø i 1844, og 1846 til Lødingen. Han blir gift i Lødingen i 1859 med Maren Anne Jakobsen Kjerstad (kr. 1836-1916). Foreldre: Jacob Olsen og Bereth Marie Abrahamsdatter. Tollev og Maren blir buande på Tofte på Tjeldøy i Lødingen (no Tjeldsund Kommune). Barn: Kornelie Kristine (1860– ), Therese Hansine (1862–1929), Aldor Bernhard (18641941), Tine Marselie (1866–1901), Størker Hagerup (18691899), Mathilde Othelie (1871–1900), Jakob Sandrib (1873–1901), Amanda Ragnhild (1875– ), Gerta Jensine (1878–1878), Bergljot Marie Kristine (1879–1886).

Stork Knudson Gjerskval

Stork Knudson (Armodt 1834-1896 Lødingen) Han er son av Knud Tollefsen og Kirsti Storksdotter ovanfor. Han flyttar med foreldra til Kinn i 1834. Herifrå flyttar dei vidare til Bodø i 1844, og seinare til Lødingen. Han flyttar vidare til Stockholm i 1862, og seinare tilbake til Tofte i Lødingen. 

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , , , , , , , , , | 3 kommentarar

Oppheim (Wang)

Torbjørn Person og Ingeborg Gullaksdotter Oppheim

Torbjørn Person (Øvre Oppheim 1776-1843 Rise). Foreldra hans var Peder Gotskalcksen og Inger Torbjørnsdotter Oppheim. Torbjørn blei gift 1803 med Ingeborg Gullaksdotter (Uqvitne/Æen 1766-1836 Rise). Foreldra hennar var Gullik Johannesen Lofthus og Gunilde Monsdotter Æen. Torbjørn og Ingeborg flytta kring 1817 til garden Rise i Bremanger. Barn fødd på Voss: Inger (1804-1874) og Gullak (1807-1881)

Inger Torbjørnsdotter Oppheim

Inger Torbjørnsdotter (Øvre Oppheim 1804-1874 Senneset). Datter av Torbjørn og Ingeborg. Gift 1834 med Ole Augustinusson Sande (1797-1874). Dei to budde på Senneset. Barn: Oline (1833-1833) og Anders (1834-1883).

Gullak Torbjørnsen Oppheim

Gullak Torbjørnsen (Øvre Oppheim 1805-1881 Rise). Son av Torbjørn og Ingeborg. Gift 1834 med Margrete Persdotter Sandvik (1808-1877). Dei budde på Rise. Barn: Marta (1836-1836), Inger Dorte (1838-1876), Per Johannes (1840-1880), Malene (1842-1842), Bernt Johannes (1844- ), Thue (1848-1934) og Pernille Susanne (1852-1939).

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Grindeland (Oppheim)

Ingrid Storkaarsdotter Grindeland

Ingrid Storkaarsdotter (Grindeland 1792- ).  Foreldre Storkaar Halstensen Grindeland og Ingeborg Brynjelsdotter Mugås. Ingeborg Brynjelsdotter var søskenbarn med Niels Nielsen Berge (sjå Berge) som flytta til Riise i Bremanger i 1816. Ingrid flytta også til Riise samtidig med Niels Nielsen Berge. Ho flytta seinare til Askøy, der ho blei gift i 1821 med enkemannen Lars Persen Konshavn (ca. 1785-1835). Dei to bur på ulike stader på Askøy. Barn fødd på Askøy: Bertel (Drotningsvik 1821-1821 Drotningsvik), Stork (Kleppestø 1823-1825 Olsvik) og Peer (Strudshamn 1829- ). Ingrid har truleg flytta frå Askøy ein gong etter at mannen døde i 1835.

Posta under Oppheim sokn | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Almenning (Wang)

Øllegård Amle Paulsdtr Jæger

Øllegård Amle Paulsdtr Jæger (Almenning 1798-1879 Florø). Foreldre: Paul Moltzou Jæger og Elsebe Greve Ravn. Øllegård flytta til Kinn før 1822, der ho blei gift i 1822 med Peder Jensson Helmers (1779-1861). Dei to budde på Florøen. Barn: Malene Sophia Hendricha (1823- ), Jens (1825- 1897), Margrete Elisabeth (1827- ), Lovise Elisabeth (1829- ), Paul Peter Lorentz (1836- ), Olave Lorentze (1839- )

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , | Kommenter innlegget

Fenne (Wang)

Aase Brynjelsdotter Fenne

Aase Brynjelsdotter (Apelthun 1789-1839 Eikeland) Foreldre Brynjel Joensen og Anna Godskalksdotter Fenne. Aase budde på Oppheim i Oppheim Sokn i 1816. Ho flytta til Riise i Bremanger i 1816, der ho blei gift i 1819 med Waldemar Christensen (1786-1843) frå Igland (Bremanger). Dei to budde først på Igland, seinare på Eikeland (Bremanger). Barn: Ingeborg (Igland 1820-1886), Lars (Igland 1824-1886) og Kristen (Igland 1827-1907)

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , , , | Kommenter innlegget

Øverland (Vinje)

Øyel Olsen Overland og Katla Brynjelsdotter Hirth

Øyel Olsen (Overland 1793-1860 Hovland) . Foreldre: Ola Anderssen Overland og Inga Jonsdotter Store -Hemre. Øyel blei gift på Voss i 1820 med Katla Brynjelsdotter (Hirth 1795-1891 Hovland). Hennar foreldre var Brynjel Aamundsen Loen og Gudve Olsdotter Helgeland. Øyel og Katla flytta til Kinn i 1842 for å overta forpaktninga av eit jordbruk på Hovland. Ikkje kjente barn i Kinn. Øyel Olsen omkom under lossing av eit skip i 1860. Barn: Ole (Overland 1820- ), Brynjel (Overland 1823- ) og Inger (Hirth 1829- )

Ole Øyelsen Overland 

Ole Øyelsen (Overland 1820-1889 Hovland), son av Øyel og Katla og kom til Kinn saman med foreldra i 1842. Gift på Hovland i Kinn i 1846 med Anne Olsdtr. Dei to blei buande på Hovland og fekk fire barn. Ole Johannes (1847- ), Kristoffer Matias (1850-), Marte Birgitte (1854- ) og Massi Bolette (1858- ) 

Brynjel Øyelsen Overland

Brynjel Øyelsen (Overland 1823-1908 Barlindbotnen), son av Øyel og Katla og kom til Kinn saman med foreldra i 1842. Gift i 1856 med Marte Bendiksdotter. Dei to budde i Barlindbotnen i Kinn og fekk fem barn. Kristoffer Matias (1857- ), Kristoffer Matias (1859- ), Øllegård Bolette (1862- ), Jakob (1865- ) og Kristoffer Matias Elias (1867- )

Inger Øyelsdotter Overland

Inger Øyelsdotter (Hirth 1829-1915 Langedal), dotter av Øyel og Katla og kom til Kinn saman med foreldra i 1842. gift i 1855 med Johan Anderson (1835-1912) frå Langedal i Kinn. Dei budde på Langedal  og fekk barna Salomon Johannes (1855- ), Katrine Oleana (1858- ), Anna Sofie Øllegård (1860- ), Anders Johannes (1863- ), Marie Juditte (1866- ) og Jens Kristoffer (1870- ).

Posta under Vinje sokn | Merkt , , , , , , , , | Kommenter innlegget

Graue (Wang)

Ole Olsen og Martha Tollefsdotter Groue

Ole Olsen (Opkvitne 1777-1857 Hovland). Foreldre: Ole Knudsen og Borgilde Mathiasdotter Opkvitne. Før 1896 flyttar han flytta til Øvre Graue, der han giftar seg i 1800 med Martha Tollevsdotter (Graue 1777-1838 Hovland). Foreldre: Tollev Brynjelsen og Barbroe Joensdotter Hemre.   Ein gong mellom 1801 og 1804 flytta dei til Kinn. Først budde dei på Steinhovden. Før 1807 flytta dei til Haugianergarden på Svanøy og nokre år seinare til garden Hovland i Eikefjord (Kinn). Ole Olsen blei i 1806 avhøyrd i samband med rettsaka mot Hans Nielsen Hauge, der han blant anna uttalte at det var Hauge sin gesell i Bergen, som overtalte han til å flytte til Kinn for å arbeide på garden på Svanøy. Barn fødd på Graue i Voss: Gjertrud (1896-1841) og Marta (1801-før 1844). Barn fødd i Kinn. Karen (Steinhovden 1804- ), Torlev (Svanøy 1807- ), Kari (Hovland 1810- ) og Anne (Hovland 1814- )

Gjertrud Olsdotter Groue

Gjertrud Olsdotter (Graue 1796-1841 Steinhovden). Foreldre: Ole og Marta ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldre mellom 1801 og 1804. Ho gifta seg i 1830 med Abraham Pedersen Steinhovden (1806- ). Han var son til Haugianaren Peder Abrahamsen Steinhovden, som Ole Olsen og familien hadde budd hos den første tida i Kinn. Gjertrud og Abraham blir buande på Steinhovden og får to barn. Anna Katrine (1833- ) og Birte Margrete (1836- ). Abraham Pedersen Steinhovden giftar seg opp at med Bryteva Johnsdotter som er dotter til Ole Olsen sin bror (sjå Hirth).

Marta Olsdotter Groue

Marta Olsdotter (Graue 1801-før 1844 ). Foreldre: Ole og Marta ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldre mellom 1801 og 1804. Ho giftar seg i 1837 med Aksel (Absalon Aksel Andreas) Larsen (1808- ). Ikkje funne barn av Marta og Aksel. Aksel giftar seg opp at med ei dotter av Marta Tollevsdotter si søster (sjå Tverberg).

Ragnhild Mikkelsdtr Groue

Ragnhild Mikkelsdtr (Graue 1818-1898 Steinhovden) Foreldre: Michel Michelsen Kløve og Sigvor Tollefsdotter Groue. Sigvor er søster til Marte Tollevdotter Groue, sjå ovanfor. Ragnhild flyttar til Kinn før 1845, og bur då hos enkemannen etter tanta Marte Tollevsdotter på Hovland, og er truleg i teneste der. I 1845 giftar ho seg med (Ole) Mikal Olssen frå Sandalen i Jølster (kr. 1814- ). Dei buset seg på Steinhovden. Barn: Maren Susanne (1846- ), Bolette (1848- ), Ole Johan (1851- ), Oleana Margrete (1854- ) og Oline Marie (1857- ).

Posta under Wang hovedsokn | Merkt , , , , , | Kommenter innlegget

Berge (Oppheim)

Anna Nielsdotter Berge

Anna Nielsdotter (Berge 1781-1859 Batalden). Foreldra hennar var Niels Nielsen Berge og Ingerid Kielsdtr Oppheim. Anna flytta truleg til Kinn dei første åra etter 1804, og truleg budde ho då på Haugianergarden på Svanøy. I 1810 blei ho gift med Haugianaren Bertel Nielsen (1780-1847) frå Ullaland i Naustdal, som nokre år tidlegare hadde flytta til Batalden i Kinn, der Bertel og Anna også busette seg. Barn: Nille Juditte (1811-1857), Inger Oline (1813-1836), Jan Lyder (1815-1884), Ellen Martha (1818-1847), Gregorius (1820-1894), Niels (1823-1874) og Simon (1826-1897).

Ingeborg Nielsdotter Berge

Ingeborg Nielsdotter (Berge 1783-1845 Kvalstad) er søster til Anna Nielsdotter Berge, sjå foreldra der. Ho flytta truleg til Svanøy saman med søstra etter 1804. Etter å ha budd ein periode i Batalden med søstra, flytta ho tilbake til Svanøy, der ho blei gift i 1815 med Gjert Olsen Tyvåg (Svanøy). Barn fødd på Tyvåg: Ingeborg Oline (1815-1815), Niels Andreas (1817-1860), Ole (1820-1861), Ellen Sophia (1822-1874) og Anne Katrine (1829-1829). Familien flytta seinare til Kvalstad på Svanøy, der Ingeborg døde. Ellen Sophia gifta seg i 1850 med søskenbarnet Niels i Batalden.

Niels Nielsen Berge og Anna hermundsdotter Hest

Niels Nielsen (Berge 1776-1820 Senneset) er bror til dei to førenemnde, sjå foreldra under Anna. Han gifta seg på Voss i 1816 med søskenbarnet Anna Hermundsdotter Hest (Hest 1789-1854 Holevik (Askvoll)). Foreldra hennar var Hermund Kjelson Øvre Oppheim og RiseGjertrud Eiriksdotter Hest. Dei to flytta same året til garden Riise i Bremanger der Niels skulle være forpaktar på garden som ein annan vossing (Torbjørn Person Oppheim (Wang), sjå eiga omtale) hadde kjøpt. Niels og Anna fekk to barn i Kinn. Herman (1816-1877) og Inger (1818-?). I 1819 eller 1820 flyttar familien til garden Senneset i Bremanger. Her dør Niels i romjula 1820. Anna flyttar i 1826 til Holevik på Staveneset (Askvoll), der ho i 1829 blir gift med enkemann Desiderius Nielsen Espeset. Dei to får ikkje etterkommarar. Sonen Herman giftar seg i 1846 med enka Mari Sjursdotter på garden Underset (Staveneset), og dei to blir buande der.

Nils Kjelson Berge

Nils Kjelsen (Berge 1801-1832 Svarthumle) er nevø av dei tre ovanfor. Foreldra hans var Kjel Nielsen Berge og Ablu Guleiksdtr. Mellom 1818 og 1826 flyttar han til Kinn. I 1826 bur han på garden Svarthumle og blir gift med Ingeborg Simonsdotter Tansøy (1794-?). Dei to blir buande på Svarthumle til Nils dør i 1832, bortsett frå ein kort periode der dei bur på gardane Endestadøyra og Langedal. Barn: Karen Sofie (Svarthumle 1827-1916) og Cathrine Lovise (Øyra 1828-?)

Posta under Oppheim sokn | Merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , | Kommenter innlegget