Glimme (Wang)

Johannes Knutson Glimme

Johannes Knutson Glimme (1842- ). Foreldre Knud Rognaldsen og Britha Johannesdotter Glimme. Flytta til Kinn i 1862 for å overta ein bøkkerpost i Florø. Flyttar tilbake til Voss før 1866, der han jobbar som telegrafist. I 1875 er han flytta til Lødingen i Nordland, der han bur hos handelsmann Krog, og arbeider som telegrafist. Hos Krog bur også Helmine Kristine Scheldrup (Tysfjorden 1854- ) som arbeider som husjomfru. Hennar foreldre er Christofer Scheldrup og Anne Kristine Krog. Johannes og Helmine blir gifte før 1878. Barn fødd i Lødingen: Anna (1878- ), Gudrun (1880- ), Thormod (1882- ) og Kristoffer (1884-1986 Stavanger). I 1887 flyttar dei til Hammerfest. I 1896 eller tidlegare flyttar dei til Stavanger, er Johannes arbeider som fullmektig ved rikstelegrafen.

Lars Endresen Glimme 

Lars Endresen (Glimme 1829-1911 Kalvåg). Foreldre: Endre Larssen og Jorend Olsdotter Glimme. Familien flyttar seinare til Opheim (Wang). I 1860 flyttar Lars til Løviknes i Bremanger for å få seg arbeid, der han er forpaktar i 1865. Gift 1865 med Marianne Bertine Andersdotter Løviknes (1836-1926). Dei to budde på Frøyen/Kalvåg der Lars mellom anna arbeidde som murar. Barn: Endre Andreas (1865- ), Johan Matias (1867-1931), Olai Severin (1870-1929) og Synnøve Amalie (1873- ).

Ole Endresen Glimme

Ole Endresen (Glimme 1838-1914 Kalvåg) Han er bror til Lars ovanfor, sjå foreldra der. I 1860 flyttar han til Ryland i Bremanger for å få seg arbeid, der han er murar i 1865. Han blir gift i 1864 med Kristiane Paulsdotter Ryland (1841-1896).  I 1867 flyttar dei til Kalvåg i Bremanger. Barn: Jette Olave (1864- ), Paul Mikal (1866- ), Elen Jørgine (1868- ), Olaf Kristoffer (1872- ), Severin Gregorius (1874- ) og Kristian Abraham (1879- ).

Reklame
Dette innlegget vart posta under Wang hovedsokn og merkt , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s