Kythe (Wang)

Johannes Magneson Kythe og Brite Johnsdotter Hirthshagen

Johannes Magnesson (Kythe 1821-1885 Hirth) Foreldre: Magne Johannesen og Randveig Erichsdotter Kythe. Han blei gift i 1844 med Brite Johnsdotter (Hirthshagen 1822-1885 Hirth). Foreldre: Jon Olsen Overland og Gjertrud Arnesdotter Myrland. Brite er søster til Brytteva, Ingeborg, Orlaug og Inga Johnsdotter (sjå Hirth). Dei buset seg først på Kythe, deretter flyttar dei til Aamodt og Nesheim (Wang). I 1860 flyttar familien til Kinn, der dei først bur på Steinhovden, 1865 flyttar dei til garden Seljeset, og seinare til Høyvik. Barn fødd på Voss: Magne (Kythe 1844-46), Jon (Kythe 1845- ), Jertru (Kythe 1850- ), Anna (Aarmodt 1853- ), Magne (Nesheim 1856- ) og Ingebjørg (Nesheim 1859-1860). Barn fødd i Kinn: Ole (Steinhovden 1863- ) og Ingeborg Kristine (Seljeset 1867-før 1872?). I 1872 flyttar heile familien tilbake til Vossestrand der dei buset seg på Hirth. (- Ingeborg Kristine?). Ole Johannesen emigrerer til Amerika i 1885, der han blir gift med Marta Helgeland.

Jon Johannessen Kythe

Jon Johannessen (Kythe 1845-e. 1885) Foreldre: Johannes Magneson og Brita Johnsdotter (ovanfor). Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860, der han får seg teneste på Høviken. Han flyttar tilbake til Vossestrand saman med foreldra i 1872, og emigrerer til Amerika. Han blir gift i Amerika med Torbjørg Larsdotter Helgeland (1848- ) frå Voss.

Jertru Johannessdotter Kythe

Jertru Johannessdotter (Kythe 1850-1931 Ringheim) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1900 er ho ugift budeie på garden Ringheim på Voss, og det same når ho dør i 1931. 

Anna Johannesdotter Kythe

Anna Johannesdotter (Aarmodt 1853-1921 Tvedt) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. Ho blir gift på med Nils Eliassen Tvedt (1849-e. 1921)i 1878, og dei buset seg på Tvedt i Lindås.  Barn fødd i Lindås: Elias Martin (1878- ), Konstance Josephine (1880- ), Johan Severin (1881- ), Karl Andreas (1883- ), Gustav Bernhard (1886- ), Bertine Ingeborg Kristine (1888- ), Nekoline Albertine (1891- ), Marie Sofie (1894- ) og Harald Adolf (1898- ).

Magne Johannessen Kythe

Magne Johannessen (Nesheim 1856- ) Bror av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar han tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1878 emigrerer han til Amerika.

Lars Olsen Kythe

Lars Olsen Kythe (1826- ). Foreldre: Ole Ammundsen og Marte Stephensdotter Kythe. Han flyttar til Eikefjord i Kinn i 1842, der han får seg teneste som dreng. Uvisst etter dette.

Dette innlegget vart posta under Wang hovedsokn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s