Berge (Oppheim)

Anna Nielsdotter Berge

Anna Nielsdotter (Berge 1781-1859 Batalden). Foreldra hennar var Niels Nielsen Berge og Ingerid Kielsdtr Oppheim. Anna flytta truleg til Kinn dei første åra etter 1804, og truleg budde ho då på Haugianergarden på Svanøy. I 1810 blei ho gift med Haugianaren Bertel Nielsen (1780-1847) frå Ullaland i Naustdal, som nokre år tidlegare hadde flytta til Batalden i Kinn, der Bertel og Anna også busette seg. Barn: Nille Juditte (1811-1857), Inger Oline (1813-1836), Jan Lyder (1815-1884), Ellen Martha (1818-1847), Gregorius (1820-1894), Niels (1823-1874) og Simon (1826-1897).

Ingeborg Nielsdotter Berge

Ingeborg Nielsdotter (Berge 1783-1845 Kvalstad) er søster til Anna Nielsdotter Berge, sjå foreldra der. Ho flytta truleg til Svanøy saman med søstra etter 1804. Etter å ha budd ein periode i Batalden med søstra, flytta ho tilbake til Svanøy, der ho blei gift i 1815 med Gjert Olsen Tyvåg (Svanøy). Barn fødd på Tyvåg: Ingeborg Oline (1815-1815), Niels Andreas (1817-1860), Ole (1820-1861), Ellen Sophia (1822-1874) og Anne Katrine (1829-1829). Familien flytta seinare til Kvalstad på Svanøy, der Ingeborg døde. Ellen Sophia gifta seg i 1850 med søskenbarnet Niels i Batalden.

Niels Nielsen Berge og Anna hermundsdotter Hest

Niels Nielsen (Berge 1776-1820 Senneset) er bror til dei to førenemnde, sjå foreldra under Anna. Han gifta seg på Voss i 1816 med søskenbarnet Anna Hermundsdotter Hest (Hest 1789-1854 Holevik (Askvoll)). Foreldra hennar var Hermund Kjelson Øvre Oppheim og RiseGjertrud Eiriksdotter Hest. Dei to flytta same året til garden Riise i Bremanger der Niels skulle være forpaktar på garden som ein annan vossing (Torbjørn Person Oppheim (Wang), sjå eiga omtale) hadde kjøpt. Niels og Anna fekk to barn i Kinn. Herman (1816-1877) og Inger (1818-?). I 1819 eller 1820 flyttar familien til garden Senneset i Bremanger. Her dør Niels i romjula 1820. Anna flyttar i 1826 til Holevik på Staveneset (Askvoll), der ho i 1829 blir gift med enkemann Desiderius Nielsen Espeset. Dei to får ikkje etterkommarar. Sonen Herman giftar seg i 1846 med enka Mari Sjursdotter på garden Underset (Staveneset), og dei to blir buande der.

Nils Kjelson Berge

Nils Kjelsen (Berge 1801-1832 Svarthumle) er nevø av dei tre ovanfor. Foreldra hans var Kjel Nielsen Berge og Ablu Guleiksdtr. Mellom 1818 og 1826 flyttar han til Kinn. I 1826 bur han på garden Svarthumle og blir gift med Ingeborg Simonsdotter Tansøy (1794-?). Dei to blir buande på Svarthumle til Nils dør i 1832, bortsett frå ein kort periode der dei bur på gardane Endestadøyra og Langedal. Barn: Karen Sofie (Svarthumle 1827-1916) og Cathrine Lovise (Øyra 1828-?)

Dette innlegget vart posta under Oppheim sokn og merkt , , , , , , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s