Marita Amundsdotter Qvale
Marita Amundsdtr Qvale (1795- ). Foreldre Brita Haldorsdotter og Aamund Ellingsen (ikkje gifte). Ho flytta til Kinn i 1842, for å ta seg teneste på Selvik. Ukjent kva som skjedde vidare, kan være tilbake i Voss i 1865 som fattiglem.
Lars Davidsen Qvale
Lars Davidsen (Qvale 1824-1891 Vie). (Son av Marita Aamundsdotter ovanfor) Foreldre: David Amundsen Præstegaarden og Marita Aamundsdotter Qvale (ugifte). Han flytta til Kinn i 1843 for å bli dreng på Stavik. Flytta seinare til Førde der han blei gift på Vie i 1854 med Anna Marie Madsdtr (Ramstad 1825-1915 Vie). Dei to fekk ikkje barn.