Gjertrud Aamaansdtr Brekke
Gjertrud Aamaansdtr (Brekke 1829- ) Foreldre: Amund Olsen Jordalen og Kari torleivsdotter Løn. (Familien budde også på Løn og Sivle). Gjertrud flytta til Kinn i 1848 og blei gift i 1850 med Ole Andersen Refsdal (Førde) (1822-1855?). Dei bur på ulike gardar kring Svanøy. Barn: Anne (Hellevik 1851- ), Andrine Marie (Fløholmen 1854- ), Kristine (Stavik (uekte) 1857- ) og Jakobia Karina (Storø (uekte) 1871-1943 Mørkve – Vossastrand). I 1865 bur enka Gjertrud som tenar på Storø, saman med dattera Andrine. Anne blir konfirmert i 1867 og Andrine i 1869. Andrine giftar seg i Bergen 1889, og bur der framleis i 1910. Kristine giftar seg i Kinn og buset seg på Valvik, der ho bur i 1910. I 1857 får Gjertrud eit barn med ein gift mann Bertel Olsen Stavik, og i 1871 med ungkaren Nils Johannesen Sæterskar. Det er ukjent kva som skjedde med Gjertrud etter dette.
Ingri Aamundsdotter Brekke
Ingri Aamundsdotter (Brekke 1831-e. 1910 Erikstad) Søster av Gjertrud ovanfor, sjå foreldra der. Flytta til Stavang i 1853 for å få teneste. Gift 1858 med Anders Eriksen Kinna i Førde (1830- ). Busatt Stavika i Kinn, kring 1865 flyttar dei til Erikstad på Svanøy. Barn: Karen Susanne (Stavik 1858- e. 1910 Erikstad), Samson Andreas (Stavik 1862- ), Marie Andrea (Stavik 1864- ), Elen Kristine (Erikstad 1867- ), Rise Olena (Ragna?) (Erikstad 1869- e. 1910 Erikstad) og Anna Elina (Erikstad 1872- e. 1910 Erikstad).