Ole Pedersen og Ingeborg Olsdotter Bakkethun
Ole Pedersen (Fenne 1795-1875 Høyvik). Foreldra ugifte: Peder Olsen Nesheim og Inger Iversdotter Fenne? Han giftar seg i 1824 med Ingeborg Olsdotter (Gjernes 1794-1837 Svanøy). Foreldre: Ole Eilefsen og Ingeborg Trondsdotter Gjernes. Ole og Ingeborg flyttar i 1836 til ein husmannsplass på Svanøy i Kinn. Ole Pedersen flyttar til Høivik i Kinn, og giftar seg igjen i 1839 med Berte Maria Ivarsdotter Enevold (1801-1857) frå Naustdal. Han giftar seg i 1860 for tredje gang med Alet Johanne Henriksdotter Mulen (1815-1900 Høyvik) frå Naustdal (no Førde). Barn fødd på Voss : Ole 11 (f. Fenne 1825-1869), Anders 9 (fødd Bakketun 1827) og Inger 6 (f. Bakketun 1830). Peder (f. Bakketun 1835-1835). Barn fødd Kinn: Ole Ivar (1840- ) (Oliver i FT 1865), Peder (1844- ) og Ingeborg (1846- ).
Ole Olsen Bakketun
Ole Olsen (Fenne 1825-1869 Høyvik). Foreldre: Sjå ovanfor. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Dør ugift i Høyvik i 1869.
Inga Olsdotter Bakketun
Inga Olsdotter (Bakketun 1830-1900 Svardal). Foreldre: sjå ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Ho giftar seg i 1855 med John Anton Johansen Svardal (1836- ) og dei to buset seg på Svardal: Barn: Johan Andreas (1855- ), Aleana Andrea (1856- ), Olaus Matias (1861- ), Birte Elen Bertine (1863- ), Dortea Susanne (1865- ), Birte Susanne (1867- ), Abraham Olai Matias (1870- ) og Marie Bolette (1873- ).
Anders Olsen Bakketun
Anders Olsen (Bakketun 1827-1912 Askvoll). Foreldre: sjå ovanfor. Han flyttar til Kinn saman med foreldra i 1836. Han giftar seg i Askvoll i 1860 med Ingeborg Monsdotter Askevold (1843-1861). Han giftar seg opp igjen med Pernille Mikaelsdotter Askevold (1839-1926) i 1862, og dei blir buande på Askevold Prestegard, der Anders arbeidde som seminarist. Barn: Olaf (1863), Ingeborg (1864- ), Magnus (1867-1895) og Ingeborg Helene (1870- ). Anders Olsen Bakketun er truleg også den same som Anders Olsen f. Voss som fikk barnet Sara Susanne med piken Anna Absalonsdotter Nedre Sunde i 1858. Barnet døde under heimedåpen.