Hirth (Vinje)

Brytteva Johnsdotter Hirtshagen

Brytteva Johnsdotter (Hirthshagen 1815-1889 Steinhovden). Foreldra er Jon Olsen Overland og Gjertrud Arnesdotter Myrland. Jon Olsen er bror til Øyel Olsen Overland (sjå Overland). Familien budde på plassen Hyrtshagen. Brytteva flytta til Kinn i 1842 for å gifte seg i 1843 med Abraham Pedersen Steinhovden (1806-1876) som tidlegare var gift med Gjertrud Olsdotter Groue frå Voss (sjå Graue). Ho og Abraham bur på Steinhovden som er farsgarden til Abraham. Dei får mange barn. Gjertrud (1843-1918 Steinhovden), Peder (1845- ), Johan (1846- ), Anders (1848- ), Jakob (1850- ), Ole Matias (1852- ), Lars (1854- ), Karl Andreas (1858- ) og Maren Bolette (1860- )

Ingeborg Johnsdotter Hirtshagen

Ingeborg Johnsdotter (Hirthshagen 1826-1905 Steinhovden) er søster av Brytteva ovanfor (sjå foreldra der). Ho flytta til Steinhovden i Kinn i 1844 og blir gift med Ole Knutson Myklebust (Jølster) (kr. 1826-1866 Steinhovden). Dei to blir buande på Steinhovden. Barn: Kristoffer (1851- ), Ole Johan (1854- ), Boltette Jørgine (1856- ), Karl Matias ( 1859- ) og Nils Ludvig (1861- ). På Kvien i 1865, husmenn.

Orlaug Johnsdotter Hirtshagen

Orlaug Johnsdotter (Hirtshagen 1829-1898 Bergen) Søster av Brytteva ovanfor, sjå foreldra der. Ho flyttar til Steinhovden i Kinn i 1855 for å gifte seg. Ho giftar seg i 1857 med Johannes Gunnarson Sandvik (Sandvik 1834-1904 Bergen). Dei bur først på Steinhovden, men flyttar til Sandvika (Kinn) i 1858. Barn: Anne Katrine (1857- ), Gjertrude (1859-1860), Gunnar Johan (1863- ), Kristoffer Jon (1865- ) og Andreas Matias (1869- ).  Familien flyttar til Bergen i 1874, der Johannes får seg arbeid som Dikselmann (ettersyn og kontroll av sildetønner).

Inga Johnsdotter Hirtshagen

Inga Johnsdotter (Hirtshagen 1818- ). Ho er søster til Brytteva og dei andre ovanfor. Sjå foreldra under Brytteva. Ho flyttar til Kinn før 1865. Det er truleg ho som i 1865 står oppført både hos Orlaug som logerande og hos Brytteva som tenestejente.  Uvisst kva som skjedde med henne etter dette.

Brite Johnsdotter Hirthshagen

sjå Kythe

Dette innlegget vart posta under Vinje sokn. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s