Gjertrud Larsdotter Skjerdal Gjertrud Larsdotter (Skjerdal 1738-1825 Svanøy). (Manglar sikker dokumentasjon på henne, sjå nedanfor) Hennar foreldre var Lars Håvardsen Skjerdal og kona Brit Olsdotter Bolstadøren. I 1801 bur ho på garden Haga, 63 år gamal som ugift og fattig Inderst. Ein gong mellom 1804 og 1806 flyttar ho til Svanøy i Kinn, der ho får seg teneste hos Ole Svanøe. Her blir ho til ho dør i 1825. Eg manglar heilt sikker dokumentasjon på at det er den same Gjertrud Larsdotter som blir fødd på Skjerdal i Voss i 1738, og som dør på Svanøy i 1825. Gjertrud Larsdotter på Svanøy har eg funne omtalt i 1806 som ei fattig og ugift fruentrimmer frå Voss, som Ole Svanøe har tatt i teneste for å sjå til kreatura hans. I 1810 blir ho omtalt som gamal og skrøpeleg. Dernest finn eg ei Gjertrud Larsdotter død 90 år gamal på Svanøy i 1825. Eg har ikkje funne andre kandidater som dette kan være, og meiner då det må være den same Gjertrud Larsdotter. Etter dåtidas reknemåte skulle ho då være fødd kring 1736, og være ugift ved folketellinga for Voss i 1801. Den einaste aktuelle kandidaten i folketellinga for 1801 er då den som er nemnd ovanfor på Haga. Eg har ikkje funne spor etter ho på Voss etter 1801. Det er kun ei Gjertrud Larsdotter som er fødd på Voss kring 1836, og det er denne på Skjerdal. Som sagt manglar eg sikker dokumentasjon på at det er den same som budde på Svanøy i 1806 og 1810, men indisiane peikar sterkt i den retning.
Om bloggen
Denne bloggen omhandlar personar fødde på Voss, som har flytta til Kinn prestegjeld i perioden 1800-1865. I tillegg til det som no er Flora kommune, låg deler av noværande Bremanger kommune også under Kinn prestegjeld fram til 1864. Difor er dei som flytta til denne delen av Bremanger før 1864 også tekne med. Bloggen omhandlar 73 personar, fordelt på 27 gardar i Voss/Evanger. Oversikta viser bustad, ekteskap, barn og dødsår. Egil RussøyArkiv
kategoriar
Blogroll