Møen (Wang)

Ole Monsen Møen

Ole Monsen (Møen 1799-1885 Rognaldsvågen). Foreldre ugifte: Sigvohr Pedersdtr Møen og Mons Monsen frå Brekke i Opheim sokn. Han flyttar til Ullensvang i 1825, der han blir gift i 1829 med Johanne Margarethe Hertzberg (kr. 1796-1838), dotter til prost Niels Hertzberg. Dei flyttar same året til Eivindvik i Gulen, og vidare til Refsøen i Solund (då under Askvoll prestegjeld) i 1836. Ole Monsen giftar seg opp at i 1840 med Anne Johannesdotter.  (kr. 1775-1858)  Ole Monsen flyttar før 1858 til Rognaldsvågen i Kinn, saman med tenestejenta Ingeborg Ingemaardsdotter Sætre (1827- ) frå Askvoll, som same året føder deira felles barn . Ole seier samtidig frå seg retten til arv etter kona Anne Johannesdotter som dør i 1858. Ole Monsen blir buande i Rognaldsvågen til han dør i 1885. Barn: Marie Elisabeth (Eivindvik 1829-1905 Hersvik i Solund), Hylleberg (Eivindvik 1831-1900 Gåsvær i Solund), Petter Johan (Refsøen 1838-1909 Underset i Askvoll) og Nikoline (Rognaldsvågen 1858-1918 Stord)

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Wang hovedsokn. Bokmerk permalenkja.

5 Responses to Møen (Wang)

  1. Gisle Hersvik seier:

    Ole Monsson Møen (1799-1885) sine born med Johanne Margrethe (1796-1838);
    – Marie Eliasbeth d. 1905 (under Hersvik, Solund) g. 1852 m. Ola Jonsson Wergeland (1827-1910).
    – Hylleborg d. 1900 (under Gåsvær, Solund) g. 1853 m. Knut Olsson Bjørkum (1822-1908). Ho fekk også eit born med Ole Steffansson Tonning (kr. 1800-), han heitte Ole Tonning (1849-1933).
    – Petter Johan d. ???? (har dessverre ikkje funne når han døde)

  2. Egil Russøy seier:

    Takk for opplysningane Gisle.

    Petter Johan døde som ugift på Underset i Askvoll i 1909

  3. Henriette Lindstad Nilsen seier:

    Hei, tusen takk for opplysningene. Har et lite spørsmål.. Min ane stammer fra Nikoline Hertzberg som jeg trur er det ene barnet til Ole Monsen Møen, men hvem var moren? Var det Johanne Hertzberg? Siden de har samme etternavn? De fleste steder jeg har letet etter Monsen Møen, så er ofte de andre barnene nevnt men ikke Nikoline. Hvis du kan gi meg mer klarhet i det, hadde jeg blitt veldig glad!

    • Egil Russøy seier:

      Hei Henriette. Det er nokre år sidan eg jobba med dette, men eg skal prøve å utdjupe litt. Det er tjenestejenta Ingeborg Ingemaarsdotter som er mor til Nikoline. Årsaka til at Nikoline ikkje er nemnt saman med dei andre barna til Ole, er kanskje at ho ikkje var kjent, fordi ho var fødd i Kinn, mens Ole framleis var gift i Solund. Eg kan ikkje hugse å ha sett Nikoline med etternamn Hertzberg nokon stad (men skal ikkje utelukke det). Då ho blei gift nytta ho etternamnet Olsdotter. Seinare tok ho ektemannen sitt etternamn; Ingebrigtsen.

      • Henriette Lindstad Nilsen seier:

        Takk for svar! i min familie har det vært sagt hun stammet fra Hertzberg slekta, men ser jo nå at det ikke stemmer, så det var veldig nyttig informasjon du hadde. Nå må jeg bare starte å lete etter Ingeborg Ingemaardsdotter Sætre 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s