Lillevik (Evanger)

Magne Knutson Lillevik

Magne Knutson (Lillevig 1831-1875 Bergen) Foreldre: Knud Magnesen og Brita Sjursdotter Lillevik. Familien flytta etter nokre år til Hjørnevik. I 1855 flyttar Magne til Vadset i Kinn. I 1856 giftar han seg med Ellen Lovise Eliasdotter (Barlindbotnen 1834-1912 Hjørnevig). Dei to bur ei kort tid på Barlindbotnen i Kinn før dei flyttar tilbake til Voss kring 1858 der dei buset seg på Hjørnevik. I 1875 dør han av magebetennelse på Møllendals sindsygehus i Bergen.  Barn fødd i Kinn: Anne Katrine (Barlindbotnen 1857-1896 Hjørnevig). Barn fødde på Voss: Britha (Hjørnevig 1859- ), Elias (Hjørnevig 1861- ), Knud (Hjørnevig 1864- ), Ranvei (Hjørnevig 1866- ), Magne (Hjørnevig 1869- ), Lars (Hjørnevig 1871- ),

Anders Simonsen Lillevik

Anders Simonsen (Lillevik 1836-1896 Bergen). Foreldre: Simon Sjursen Lillevik og Ranveig Andersdotter Mykkeltveit. Simon Sjursen er bror til Brita Sjursdotter Lillevik, sjå ovanfor. Anders flyttar til Kinn i 1862, der han starter som handelsmann i Florø. Han giftar seg i 1866 med Lovise Johanne Andersdotter Løkkebøe (Løkkebø 1836-1896 Bergen). Barn født i Kinn: Simon Andreas (1867-1867) Anders og Lovise flyttar til Bergen før 1875, der Anders fortset som handelsmann.

Advertisements
Posta under Evanger sokn | Kommenter innlegget

Ulvundsøyne (Vinje)

Sigvor Hermansdotter Ulvundsøyne

Sigvor Hermansdotter (Ulvsundsøyne 1841-1883 Sponheim). Foreldre: Hermund Person Vinje og Unni Jonsdotter Hyrth. Unni er søster til Brytteva, Ingeborg, Orlaug og Inga Johnsdotter (sjå Hirth) og Brita Johnsdotter (sjå Kythe). Sigvor flyttar til Kinn før 1865 for å ta seg teneste hos tanta Brytteva Johnsdotter på Steinhovden. Ho flyttar seinare til Ulvik i Hardanger, der ho dør ugift på garden Sponheim i 1883.

Gjertrud Hermansdotter Ulvundsøyne

Gjertrud Hermansdotter (Ulvundsøyne 1849-1899 Ulvundsøyne). Gjertrud er søster til Sigvor, sjå foreldra der. Gjertrud flyttar til Kinn i 1865 for å ta seg teneste hos tanta Brytteva Johnsdotter på Steinhovden. Ho flyttar seinare tilbake til Vossestrand, der ho dør ugift på Ulvundsøyne i 1899

Posta under Vinje sokn | Kommenter innlegget

Kythe (Wang)

Johannes Magneson Kythe og Brite Johnsdotter Hirthshagen

Johannes Magnesson (Kythe 1821-1885 Hirth) Foreldre: Magne Johannesen og Randveig Erichsdotter Kythe. Han blei gift i 1844 med Brite Johnsdotter (Hirthshagen 1822-1885 Hirth). Foreldre: Jon Olsen Overland og Gjertrud Arnesdotter Myrland. Brite er søster til Brytteva, Ingeborg, Orlaug og Inga Johnsdotter (sjå Hirth). Dei buset seg først på Kythe, deretter flyttar dei til Aamodt og Nesheim (Wang). I 1860 flyttar familien til Kinn, der dei først bur på Steinhovden, 1865 flyttar dei til garden Seljeset, og seinare til Høyvik. Barn fødd på Voss: Magne (Kythe 1844-46), Jon (Kythe 1845- ), Jertru (Kythe 1850- ), Anna (Aarmodt 1853- ), Magne (Nesheim 1856- ) og Ingebjørg (Nesheim 1859-1860). Barn fødd i Kinn: Ole (Steinhovden 1863- ) og Ingeborg Kristine (Seljeset 1867-før 1872?). I 1872 flyttar heile familien tilbake til Vossestrand der dei buset seg på Hirth. (- Ingeborg Kristine?). Ole Johannesen emigrerer til Amerika i 1885, der han blir gift med Marta Helgeland.

Jon Johannessen Kythe

Jon Johannessen (Kythe 1845-e. 1885) Foreldre: Johannes Magneson og Brita Johnsdotter (ovanfor). Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860, der han får seg teneste på Høviken. Han flyttar tilbake til Vossestrand saman med foreldra i 1872, og emigrerer til Amerika. Han blir gift i Amerika med Torbjørg Larsdotter Helgeland (1848- ) frå Voss.

Jertru Johannessdotter Kythe

Jertru Johannessdotter (Kythe 1850-1931 Ringheim) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1900 er ho ugift budeie på garden Ringheim på Voss, og det same når ho dør i 1931. 

Anna Johannesdotter Kythe

Anna Johannesdotter (Aarmodt 1853-1921 Tvedt) Søster av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar ho tilbake til Vossestrand saman med foreldra. Ho blir gift på med Nils Eliassen Tvedt (1849-e. 1921)i 1878, og dei buset seg på Tvedt i Lindås.  Barn fødd i Lindås: Elias Martin (1878- ), Konstance Josephine (1880- ), Johan Severin (1881- ), Karl Andreas (1883- ), Gustav Bernhard (1886- ), Bertine Ingeborg Kristine (1888- ), Nekoline Albertine (1891- ), Marie Sofie (1894- ) og Harald Adolf (1898- ).

Magne Johannessen Kythe

Magne Johannessen (Nesheim 1856- ) Bror av Jon Johannesen ovanfor, sjå foreldra der. Flyttar til Kinn saman med foreldra i 1860. I 1872 flyttar han tilbake til Vossestrand saman med foreldra. I 1878 emigrerer han til Amerika.

Lars Olsen Kythe

Lars Olsen Kythe (1826- ). Foreldre: Ole Ammundsen og Marte Stephensdotter Kythe. Han flyttar til Eikefjord i Kinn i 1842, der han får seg teneste som dreng. Uvisst etter dette.

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Tverberg (Wang)

Synnøve Larsdotter Tverberg

Synnøve Larsdotter (Tverberg 1817-1872 Tirdalssagen). Foreldre: Lars Tostensen Tverberg og Ingeborg Tollevsdotter Graue. Synnøve flytta til Kinn i 1840. Ho blei gift i 1844 med enkemann Aksel (Absalon Aksel Andreas) Larssen Haukåa (1808- ), som tidlegare var gift med Ingeborg si niese Marta Olsdotter (sjå Graue). Synnøve og Aksel budde i Tirdalen. Barn: Marte Marie (1847- ).

Posta under Wang hovedsokn | Kommenter innlegget

Bolstad (Evanger)

 Anders Larsson Bolstad

Anders Larsson (Bolstad 1829-1910 Høyvik). Foreldre Lars Andersen og Anne Hansdotter Bolstad. Anders flytta til Steinhovden i 1855 for å gifte seg med Birte Margrete Abrahamsdtr Steinhovden (1836-e. 1900 ). Dei busette seg på Steinhovden, men flytta til Høyvika om lag 1863. Barn: Gjertrud (1857- ), Lars (1859- ), Anne Katrine (1861- ), Gjertrud Bolette (1864- ), Jakobea Ragnhilde (1867- ), Anders (1870- ), Jakob Olai (1875- ) og Hille Johanne Larine (1875- ).

Posta under Evanger sokn | Éin kommentar

Bidneshovden (Oppheim)

Ole Svendsen og Anne Guleiksdotter Bidneshovden

Ole Svendsen (Bidneshovden 1805-1848 Hovland). Foreldre: Svein Olsen Bidneshovden og Brita Akselsdotter Skjervheim. Han giftar seg i 1833 med Anne Gulakdotter (Fagnastøl 1809-1889 Hovland) Foreldre: Gulleik Gulleiksen og Brita Ellingsdotter Wæle. Ole og Anne bur på Bidneshovden og flyttar til Kinn i 1837/38, og buset seg då på Osen, og Vadset og Hovland.  Barn fødd på Voss: Svein (Gjerald 1833-1915 Hovland) og Brita (Bidneshovden 1836- ). Barn fødd i Kinn: Elling (Osen 1839- ), Josef (Hovland 1841- ), Berent (Vadset 1845-) og Oline Lovise (Hovland 1848- ). 

Svein Olsen Bidneshovden

Svein Olsen  (Gjerald 1833-1915 Hovland). Barn av Ole og Anna ovanfor. Flyttar til Kinn i 1837/38. Han blei gift i 1864 med Karen Helene Absalonsdotter (Reksten 1835-1918 Hovland). Dei buset seg på Hovland. Barn: Oleana Katrine (1865- ), Maren Bolette (1867- ), Ole Andreas (1870- ), Oline Andrea (1873- ), Sofie Helene (1876- ) og Lovise Birgite (1879- ).

Brita Olsdotter Bidneshovden

Brita Olsdotter Bidneshovden (1836- ). Barn av Ole og Anna ovanfor. Flyttar til Kinn i 1837/38.  I teneste på Bjørnset i Kinn i 1865. Uvisst etter dette.

Posta under Oppheim sokn | Kommenter innlegget

Hjørnevik (Evanger)

Helge Helgesen Hjørnevig

Helge Helgesen (Hjørnevig 1835-1903 Florø). Foreldre: Helge Larsson Hjørnevik og Ingeborg Olsdotter Horvik. Helge flytta til Kinn i 1854 som skreppekar, han fekk borgarbrev i 1863 og bygde seinare Hjørnevikbua Florø. Han vart gift i 1866 med Anne Cathrine Nilsdotter (Walaker 1844-1901 Florø) frå Hafslo, og dei to budde i Florø. Barn: Helge (1867-1926), Nils (1872- ), Anton (1874- ), Edvart (1876- ), Harald (1879- ), Endre (1882- ) og Margit (1885- ).

Lars Olsen Hjørnevig

Lars Olsen (Hjørnevik 1850-1936 Hjørnevik). Foreldre: Ole Helgesen Hjørnevik og Anna Larsdotter. (Ole er bror til Helge Helgesen Hjørnevik ovanfor) Lars flyttar før 1865 til Florø i Kinn for å bli krambodreng for Helge Helgesen Hjørnevig (sjå ovanfor). Han flyttar tilbake til Voss, truleg ganske raskt. I 1900 bur han på Hjørnevik som ugift møbelsnekkar, seinare jernbanearbeider. Han dør ugift i 1936.

Posta under Evanger sokn | Kommenter innlegget