Graue (Wang)

Ole Olsen og Martha Tollefsdotter Groue

Ole Olsen (Opkvitne 1777-1857 Hovland). Foreldre: Ole Knudsen og Borgilde Mathiasdotter Opkvitne. Før 1896 flyttar han flytta til Øvre Graue, der han giftar seg i 1800 med Martha Tollevsdotter (Graue 1777-1838 Hovland). Foreldre: Tollev Brynjelsen og Barbroe Joensdotter Hemre.   Ein gong mellom 1801 og 1804 flytta dei til Kinn. Først budde dei på Steinhovden. Før 1807 flytta dei til Haugianergarden på Svanøy og nokre år seinare til garden Hovland i Eikefjord (Kinn). Ole Olsen blei i 1806 avhøyrd i samband med rettsaka mot Hans Nielsen Hauge, der han blant anna uttalte at det var Hauge sin gesell i Bergen, som overtalte han til å flytte til Kinn for å arbeide på garden på Svanøy. Barn fødd på Graue i Voss: Gjertrud (1896-1841) og Marta (1801-før 1844). Barn fødd i Kinn. Karen (Steinhovden 1804- ), Torlev (Svanøy 1807- ), Kari (Hovland 1810- ) og Anne (Hovland 1814- )

Gjertrud Olsdotter Groue

Gjertrud Olsdotter (Graue 1796-1841 Steinhovden). Foreldre: Ole og Marta ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldre mellom 1801 og 1804. Ho gifta seg i 1830 med Abraham Pedersen Steinhovden (1806- ). Han var son til Haugianaren Peder Abrahamsen Steinhovden, som Ole Olsen og familien hadde budd hos den første tida i Kinn. Gjertrud og Abraham blir buande på Steinhovden og får to barn. Anna Katrine (1833- ) og Birte Margrete (1836- ). Abraham Pedersen Steinhovden giftar seg opp at med Bryteva Johnsdotter som er dotter til Ole Olsen sin bror (sjå Hirth).

Marta Olsdotter Groue

Marta Olsdotter (Graue 1801-før 1844 ). Foreldre: Ole og Marta ovanfor. Ho flyttar til Kinn saman med foreldre mellom 1801 og 1804. Ho giftar seg i 1837 med Aksel (Absalon Aksel Andreas) Larsen (1808- ). Ikkje funne barn av Marta og Aksel. Aksel giftar seg opp at med ei dotter av Marta Tollevsdotter si søster (sjå Tverberg).

Ragnhild Mikkelsdtr Groue

Ragnhild Mikkelsdtr (Graue 1818-1898 Steinhovden) Foreldre: Michel Michelsen Kløve og Sigvor Tollefsdotter Groue. Sigvor er søster til Marte Tollevdotter Groue, sjå ovanfor. Ragnhild flyttar til Kinn før 1845, og bur då hos enkemannen etter tanta Marte Tollevsdotter på Hovland, og er truleg i teneste der. I 1845 giftar ho seg med (Ole) Mikal Olssen frå Sandalen i Jølster (kr. 1814- ). Dei buset seg på Steinhovden. Barn: Maren Susanne (1846- ), Bolette (1848- ), Ole Johan (1851- ), Oleana Margrete (1854- ) og Oline Marie (1857- ).

Dette innlegget vart posta under Wang hovedsokn og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s